Bergen - Nordhordland
Farleikart FedjeMongstadKjelstraumenMonslaupaFosnstraumenLindås sjøsluserSletta - UtvandrarsenteretSkarsvågAlverstraumenSalhusAskBryggen i Bergen Lygra - LyngheisenteretFesteNøtlevågenLitlebergen - FlatøyosaneIsdalstø
Bilete for dagen
Slusene 1
Slusene 1
Fotograf: Ole Jakob Aarland
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
_
_
Ole Jakob Aarland
Rådhuset, Knarvik
Kvernhusmyrane 20
5914  Isdalstø
 
oja@lindas.kommune.no
 
 
Telefon : 5637 5173
Faks : 5637 5001
Mobil : 913 70 864
Org.nr. : 935 084 733
Kontonr. : 7413 05 01005
Kommunenr. : 1263
_
Opningstid : 08.00 - 15.30
VÅGEN I BERGEN
Attraksjonsverdi:
Bergen har tatt vare på eit representativt utval kulturminne som representerer heile byens historiske utvikling frå middelalderen opp til i dag:
• Mariakirken, Korskirken og Domkirken
• Festningsanlegget på Holmen med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, samt Sverresborg, viser kor viktig Bergen var som rikssentrum på 1200-tallet.
• Bryggen var tyngdepunktet i den internasjonale handelen frå middelalderen inntil stapelhamna i Sandviken blei etablert
på 16-1700-talet.
• Busetnad og gatestruktur i området har svært høg verdi, både nasjonalt og internasjonalt.
Bryggen er oppført på UNESCOS verdsarvliste som eit av fire norske verdskulturminne.
• Sjølve torget er eit viktig punkt i byen som marknadsplass.
• Byrommet Vågen med kaiane rundt har bevart sin karakter frå dampskipsepoken i første halvdel av 1900-tallet. Vasspegelen er
framleis open og det er god kontakt mellom byen og sjøen.

Positivt:
Kulturmiljø i verdsklasse, levande tradisjon med sal av fersk fisk på fisketorget, turistby. Framleis tett kontakt mellom by og hamn.

Negativt:
Biltrafikken rundt Vågen og over Bryggen.

Formidlingsprofil:
Bergen som omlastingshamn: Bryggen, Vågen, dampskipskaier, fisketorget.

O Museum, særleg relevant i høve til Den indre farleia:
A: Hanseatisk Museum
B: Bryggens Museum
C: Bergens Sjøfartsmuseum
D: Bryggen
E: Norsk Fiskerimuseum
F: Kystkultursenteret

FORSLAG TIL PLAN OG TILTAKSPROGRAM
Aktuelle tiltak for å få eit tydeleg startpunkt i Bergen:
Overordna plantiltak:
• Sikre innsyn frå farleia til dei viktige kulturmiljøa i Vågen, Sandviken og Skuteviken. Sjøfronten i Bergen er under sterkt
utbyggingspress. Det er viktig at sjøbruksmiljøa som fortel historia om sjøfartsbyen Bergen er synlege frå Den indre farleia.
• Sikre sjøtilkomst og areal for allmenn bruk på historiske stader for den indre farleia, langs sjøfronten frå sentrum til Salhus, f eks kvile og årebytingsplassane. Kan gjerne kombinerast med dei sjønære friluftsområda.

Fysisk tilrettelegging av startpunkt for Den indre farleia frå bysida:
• Etablere fast kai for veteranbåtane ved Skur 11, vist som off. kai, plass for kulturhistoriske båtar i reguleringsplan for Vågen.

Formidling og informasjon:
• Ved startpunktet må det setjast opp informasjon om Den indre farleia og rutetabell for veteranbåtane og andre reisemåtar i Den
indre farleia.
• Presentere Den indre farleia med utstilling på turistinformasjonskontoret.

Andre aktuelle tiltak:
• Organisere veteranbåtturar til den indre farleia, rundturar også i kombinasjon med buss og besøk til attraksjonar på land.
• Knyte striledagane i større grad til byferda ved å starte og avslutte dette arrangementet ved hovudanløpa til Den indre farleia.
• Historiske tablå med handel på brygga. Dramatisering av strilekrig mm.
• Betre tilrettelegging for båtturristar i Vågen sjølv om dei ubygde kaieareala og vasspegelen i Vågen er svært sårbare for ny
tilførsler.
• Inspirera til småbåtfart i farleia med tiltak som informasjonsskilting. Potensiell næringsutvikling.
• Båttrafikk i farleia med veteranbåtar og andre fartøy.
• Arrangementa i tilknyting til byen og samkvemmet mellom bymann og stril.
• Sal av farleiprodukt.
Publisert av Asplan Viak Bergen AS. Ansvarleg Bergen kommune. Sist endra 02.10.2007
Informasjon
FORVALTNINGSPLAN
Plangrunnlaget er utarbeidd av Asplan Viak Bergen AS i samarbeid med kommunane. Kommunane har gjort prinsippvedtak om at plangrunnlaget skal innarbeidast i kommuneplanen, aktuelle kommunedelplanar og eventuelle andre relevante areal- og reguleringsplanar. Det er kommunane sjølv som tek i vare alle slike oppgåver.
Levert av ACOS AS
ordførar Astrid Aarhus Byrknes      rådmann Øistein Søvik      informasjonssjef Ole Jakob Aarland