Bergen - Nordhordland
Farleikart FedjeMongstadKjelstraumenMonslaupaFosnstraumenLindås sjøsluserSletta - UtvandrarsenteretSkarsvågAlverstraumenSalhusAskBryggen i Bergen Lygra - LyngheisenteretFesteNøtlevågenLitlebergen - FlatøyosaneIsdalstø
Bilete for dagen
Salhus 2
Salhus 2
Fotograf: Ole Jakob Aarland
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
_
_
Ole Jakob Aarland
Rådhuset, Knarvik
Kvernhusmyrane 20
5914  Isdalstø
 
oja@lindas.kommune.no
 
 
Telefon : 5637 5173
Faks : 5637 5001
Mobil : 913 70 864
Org.nr. : 935 084 733
Kontonr. : 7413 05 01005
Kommunenr. : 1263
_
Opningstid : 08.00 - 15.30
LITLEBERGEN – FLATØYOSEN
Publisert av Asplan Viak Bergen AS. Ansvarleg Meland kommune. Første gong publisert 02.10.2007
Attraksjonsverdi i dag
• Den vesle tettstaden, Litlebergen, der mange av dei opphavlege bygningane og bygningsstrukturen i hovudsak er intakt.
• Håøy har eit interessant kulturlandskap med gamle slåtte- og beitemarker, edellauvskog. Området er i dag tilrettelagt som friluftsområde, med meir enn 4 km merka turstiar.
• Området har ei interessant historia knytt til krigsminna og forsvarsanlegga.
• Flatøyosen, sjøen og strandsona, har gode kvalitetar som spennande miljø for rekreasjon og naturoppleving.

Formidlingsprofil Håøy
Krigsminne på Håøy. Håøy har militærstrategisk vore viktig for forsvaret av Bergen heilt tilbake til 1100-tallet. Bevarte kulturminne knytt både til unionsoppløysninga med Sverige i 1905, 1. og 2. verdskrig, Noregs fyrste luftvernkanoner og sjøflyanlegg.

Formidlingsprofil Litlebergen
Tettstaden Litlebergen – allsidig småindustri frå fyrste halvdel av 1900-tallet Litlebergen er eit godt eksempel på den kreative og allsidige nyskapinga som gjekk føre seg med etablering av handverksverksbedrifter og småindustri før og etter førre århundreskiftet. Pedagogisk kontrast til den moderne industrien på Flatøy.

Positivt
• Flatøyosen med Håøy er eit flott naturlandskap med ei lun hamn.
• Tettstaden Litlebergen viser seg som ein klart avgrensa tettstad med lite skjemmande nybygg i naboskapet.
• God og sentral tilkomst frå land både til Håøy og Litlebergen.

Negativt
Enkeltbygningar i forfall. Uheldig vindaugesutskifting og materialbruk. Skjemmande steinfylling og gammalt tankanlegg. Industrianlegget på Flatøy blir dominerande og lite estetisk mot leia.


PLAN- OG TILTAKSPROGRAM:
Kommunedelplanen bør ha som hovudmål for planarbeidet å satse på å skape ein heilskapleg
attraksjon der Litlebergen er sentrum og samanhengen til Håøya, Flatøy og Austebygda er
tydeleg. Aktuelle tema for planarbeidet vil vera:

Fysisk tilrettelegging av området som anløpstad:
• Oppruste dampskipskaia for anløp av veteranbåtar og andre fjordcruise skip.
• Gjestebryggje for fritidsbåtar.
• Servicebygg med WC

Fysisk tilrettelegging av området som innfallsport til Den indre farleia frå landsida.
• Busshaldeplass
• Parkeringsplass for privatbilar

Formidling og informasjon:
• Informasjon om Den indre farleia med sentralt plassert informasjonstavle.
• Skilting og merking av kulturminna.
• Formidling av kulturmiljøet på Håøya på anlegget der.
• Formidling av kulturmiljøet på Litlebergen i ein av dei gamle bygningane.

Plantiltak og andre aktuelle tiltak:
• Sikre landskapskvalitetane gjennom kommunedelplan for heile kjerneområdet. Viktig å setje ei grense mot industriområdet.
• Kulturmiljøet på Håøy bør vernast og sikrast gjennom reguleringsplan.
• Litlebergen bør regulerast til spesialområde vern der målet er å unngå uheldig bygging tett opptil tettstaden men samtidig sikre rom for utvikling av Litlebergen til eit tenleg senter i dette kjerneområdet.
• Oppmuntring, hjelp og tilskot til huseigarar med tanke på utbetring og tilbakeføring av bygningar.
• Rehabilitere den gamle treskofabrikken i kombinasjon med overnatting.
• Museum/utstilling av ulike leiker og tradisjonelle lokale produkt i den gamle leiketøysfabrikken, spesielt tilrettelagt for barn.
• Etablere besøkssmie i ein eksisterande bygning, evt. gjenoppføre den gamle smia til Ivar Flom. Sommarbutikk med bunkringsplassar for lystbåtar.

Potensiell næringsutvikling.
• Flatøyosen, fleirbrukssenter for småbåtar og vassport. Båtutleige for ferdsel til Håøy og maritim utfalding i Flatøyosen og farleia.
• Gjestebryggje med servicedel i eit av dei eksisterande bygningane, overnattingstilbod?
• Formidling av historia til området på ny måte.

Informasjon
FORVALTNINGSPLAN
Plangrunnlaget er utarbeidd av Asplan Viak Bergen AS i samarbeid med kommunane. Kommunane har gjort prinsippvedtak om at plangrunnlaget skal innarbeidast i kommuneplanen, aktuelle kommunedelplanar og eventuelle andre relevante areal- og reguleringsplanar. Det er kommunane sjølv som tek i vare alle slike oppgåver.
Levert av ACOS AS
ordførar Astrid Aarhus Byrknes      rådmann Øistein Søvik      informasjonssjef Ole Jakob Aarland