|
Bilete for dagen
Salhus
Fotograf: Ole Jakob Aarland
Kontaktinformasjon
|
|
|
Ole Jakob Aarland
|
|
Rådhuset, Knarvik
|
|
Kvernhusmyrane 20
|
|
5914
Isdalstø
|
 |
|
Telefon
|
:
|
5637 5173
|
|
Faks
|
:
|
5637 5001
|
|
Mobil
|
:
|
913 70 864
|
|
Org.nr.
|
:
|
935 084 733
|
|
Kontonr.
|
:
|
7413 05 01005
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1263
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
08.00 - 15.30
|
|
|
|
|
Publisert av
Asplan Viak Bergen AS.
Ansvarleg
Fedje kommune.
Sist endra 02.10.2007
Attraksjonsverdi Fedje
Fedje ligg lengst ute i havgapet. Øya ligg vêrhardt til, og Kirkevågen og Rognsvågen nord på øya er dei einaste gode hamnene. Det høgaste punktet er Feiebjørnen på 42 m over havet. Her får ein verkeleg oppleve Kyst-Noreg med Atlanterhavet rett inn frå vest. Hav og havbrenningar gjev landskapet stor inntrykksstyrke. Gjennom heile 1800-talet var det fleire losar stasjonert på Fedje. Historia knytt til lostenesta er ein attraksjon i seg sjølv, det same er den moderne trafikksentralen som vart opna i 1992, og som særleg er retta mot losteneste i samband med skipstrafikken til å frå Mongstad.
Positivt:
Fascinerande ”landsby i havet”. Lunt hamnebasseng med holmar, viker og sund. Verneverdige sjøbruksmiljø og hermetikkfabrikk. Flott ventebygg på ferjekai og trafikksentral. Ferjesamband, butikkar. Kyrkje som ligg fint til. Utbygd gjestgjevarstad på Kræmmerholmen er flott utført.
Negativt:
Mange uheldig ombygde hus og sjøbruksmiljø i delvis forfall.
Formidlingsprofil Fedje:
Lósing, fiskarlandsbyen i havet.
FORSLAG TIL PLAN- OG TILTAKSPROGRAM
FEDJE:
• Vestnorsk losmuseum. Med dei lange lostradisjonane ein har knytt til Fedje, er dette ein naturleg stad for etablering av eit losmuseum knytt til sjøfarten langs ”riksveg 1”, Nordvegen. I denne samanheng kan det vera aktuelt å fokusere på det marine kystkulturlandskapet, alle kulturminna som ligg gøymt under havflata og har ei dramatisk historie å fortelje.
• Regulere sjøbruksmiljøet ved Kirkevågen til spesialområde vern. Gje tilskot til rehabilitering av naust/sjøhus.
• Vurdere tiltak for å innreie sjøhus til utleigehytter. Etablere gjestehamn ved hermetikkfabrikken.
• Lage utstilling om Fedje, lósing, fyr og sjømerke.
|
|
|
FORVALTNINGSPLAN
|
Plangrunnlaget er utarbeidd av Asplan Viak Bergen AS i samarbeid med kommunane. Kommunane har gjort prinsippvedtak om at plangrunnlaget skal innarbeidast i kommuneplanen, aktuelle kommunedelplanar og eventuelle andre relevante areal- og reguleringsplanar. Det er kommunane sjølv som tek i vare alle slike oppgåver.
|
|
|
|