Området var kanskje første pressområde i Noreg ved at vi ha spor etter 3000 års samanhengande busetting frå steinalderen. Også frå bronsealder og vikingetida finn vi mange kulturminne. Den indre farleia var ofte siste etappe for nordlandsjektene i seglbåttida - særleg når veret ikkje var so greitt. Dampbåttida skapte stor trafikk og vekst i samfunna langs leia, men i dag er det vegverts samferdsle som pregar utviklinga.
Men framleis er trafikken i leia til stades ved snøggbåtar og turistferdsle. Den tunge sjøverts trafikken finn vi til og frå Bryggen i Bergen i sør og frå Mongstad via Fedje i nord.
Prosjektet starta i 1999 med Lindås kommune som prosjekteigar og Kystverket, Hordaland fylkeskommune, Bergen og Omland Hamnevesen som prosjektdeltakarar. Seinare vart byrådet/ordførarane i kommunane langs leia saman med Kystdirektoratet styringsgruppe i prosjektet.